I kjølvatnet
Du finst i mine hektiske sommarsteg på heimvegen i jonsoknatta
Du finst i blyge bjørkeblad hengjande utover elva
Du finst i mine patetiske, spontane forsøk på å rope noko til verda
Du finst i latteren i kjølvatnet
Du finst der alle kveldar endar
Du finst bak alle tankar
Før skapargleda
Din ande gjev meg stille
Nå regnet ruskar i trea
Ditt andlet vått i stormen
Duftande i brisen
Og dine henders tale
Så lokkande i disen
Du finst i lyngens soltørre skjær når sola dalar mot jorda
Du finst i glitrande sommardropar der fossen stuper mot botnen
Du finst i mine fomlete forsøk på å nærme meg ei kjelde
Du finst i latteren i kjølvatnet
Du finst der alle kveldar endar