Eg vel meg eit sidespor

FASTKLEMT

Han sit fastklemt i hjørnet,

hovudet mot sofaryggen.

Dei andre ligg framover bordet med olbogane kvilande der dei vil,

og praten som ein vill konkurranse om kvar einaste historie,

dei ser knapt kvarandre, dei same karane som alltid har vore

dei karane.

Men han sit fastklemt i hjørnet.

Han har aldri skote ei rype,

aldri fiska ei røye,

aldri køyrd hundespann i svartaste finnmarksnatta,

aldri vorte angripen av elg eller lukta gaupa på nært hald,

aldri sett opp ein gapahuk,

aldri frose så sveitten vart til is,

aldri venta timevis på kolonne på Sennalandet.

Jau, ein gong køyrde han kolonne over Haukeli, nei, det held ikkje, ikkje verd å nemne,

ikkje nok til å olboge seg fram.

Han sit fastklemt i hjørnet.

Vaksen, men aldri levd,

tassa rundt i vestlandsgater, kanskje ein regnvåt tur til Varden,

symjetak ved Kringstadbukta, skiturar på Skaret.

Ingenting.


Hei, vil eg seie, ser du ikkje han som lener seg tilbake,

han som vil trakke andre vegar, han som er ferdig med karhistoriene,

som undrast om han må vandre einsam, om han er som du,

han du tok plassen til då du kom.

Om eg var deg ville eg utan å orsake meg brøyte meg veg blant alle olbogane

og gå og fylle på kaffi.

Og om han kjem, han som er ferdig, så fortel han om ingenting.

Det ingenting berre du kan fortelje.




MORMOR

Ikkje legg deg før eg kjem heim.

Det sa eg til deg i farta før eg fór ut og var ung.

Og du la deg ikkje, sat nok gjespande i stolen, svikelaus.

Du levde langt mot vest, men du fann oss alltid,

alle dei plassane vi budde.

Du fann oss ved Lyngenfjorden, Nordfjorden og Drammensfjorden.

Du fann fram i dine blå kjolar og milde blikk, og låtten din finst enno i dagane som vandrar.

Og det var som i går og det vart som i morgon,

og aldri la du deg før praten min stilna.

Det var ingen ungdomsdrama du ikkje forstod,

sjelekvalar som mørke vegar i tenåringssinnet.

Han som ikkje ville ha meg og han som ville ha meg for mykje.

Ikkje legg deg før eg kjem heim.

Og klokka vart mange før siste buss gjekk,

men lyset det skein i stova,

og der sat du i stolen og venta på nytt,

som det yrde av på denne tida.

Tolmodig var du og låg når du tala, men klok i kvart einaste ord.

Ikkje legg deg før eg kjem heim.


Ein dag var du sliten, no ville du reise, og du fór,

og eg veit du fann han som du sakna så lenge,

og eg veit at du ventar på oss her nede,, som flyttar frå fjord til fjord.

Og når den dagen kjem, så reknar eg med at du vakar med meg igjen,

no har eg eit liv å fortelje deg om,

og eg lovar å lytte til deg òg iblant,

til soga frå sunnhordlandsliv.

Så ikkje legg deg før eg kjem heim.

 

Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang