Småfuglane

Å sitje ved fjorden

med fjellet stupande mot blikstille botn,

åretak, dryppande våte av væte,

men ikkje sjå dei.


Å sitje stille, aleine, på knusktørre steinar,

med armane rundt dei nakne knea mine,

sjå solstrålar søkje nye stiar i krattet.


Under fjellet, ein gard, i skugge, i sol, i skugge att,

folket på ferie,

båthuset morke,

og fjorden er blå og grøn, blå og grå.


Du kan sende ei havørn, men send berre ei,

la småfuglane sove i fred,

ein hestehov smiler

medan bølgjene sym i dovne toppar.


No kan du seie det til meg.

Sei alt, og eg vil framleis plukke alle skjella til deg.

For eg er ikkje betre enn deg.

Bølgjene viskar vekk fotavtrykka dine, og eg kan tenne

jonsokbål i skumrina.

Du veit kor eg sit, veit kor eg er.


Og vi kan vekkje småfuglane.




Haustperler

Motlaus kan eg smyge meg bort til deg,

leggje hendene for augo dine,

men du gjettar meg alltid.

Det er noko med pusten, seier du, - noko med andedraga

som ikkje er som andre sitt.

Det er noko med handflatene, seier du, - for varme, for

kalde, ikkje mjuke, ikkje strykeklåre.

Det er noko med nærleiken, seier du, - som ikkje er nær,

men som om du er på lynvisitt

og klemmen er ingen klem, det er ingen godheit, ingen kjærleik.

Du gjev jo ingenting, seier du.


Brått forbanna.


Brått alt dette du har blitt saman med meg.


Å jo, tenkjer eg, eg knuser isspegel etter isspegel for å kome

til deg,

eg knuser alt frosten har brukt timar av natta på å lage,

alle pyttar han har dekt til, og. som eg, når morgonen

kjem

knuser éin for éin for éin,

berre for å leggje mine hender

over dine auge.

Sound

Gitarmannen søv i audslege hotell, han drøymer om

sprukne drammeglas, om ord skribla ned i støvete togvogner,

om blåsande ørkensand og heite i bølgjer over åsane, 

men aldri om havet, 

for gitarmannen speler i kneiper tjukke av røyk og lagnader, 

der overvektige kvinner med gyllen parykk tviheld på 

sigarettmunnstykka og leppestiften frå "Dior", 

medan gitarmannen ikkje ser opp, 

men ned på slakke gitarstrengar, 

leitar seg fram til ein nashvillesound, 

til sounden frå barndommens "strå imunnen"-minne, 

til netter med bomull og lekterar på Missisippi, 

til farmaranes drukne smil og låvar med soltørre plankevegger. 

På altanene sat etterkomarane av slavane og vogga, 

smilande, drøymande, 

dei kvite gutane på nedste trappetrin, dei som lytta, 

dei som vart svarte i sjela og skjønte at Jesus var afrikanar,

at sounden var trampa fram på støvete landevegar, 

var trampa i trass, fri frå lenkjer, fri. 


Gitarmannen mister alt han elskar, 

gitarmannen går frå alt som var. 

gitarmannens barndomsheim blir riven, 

gitarmannens andlet blir gøynd bak mørke drag, 

men sounden han klimprar fram når fyllikane slåst

i sagmuggen

og kvinnene ikkje er kvinner meir, 

sounden er lengta etter sounden, 

lengta etter trappetrinnet nærast den støvete jorda. 

Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang